Lauvås (Sandnes gnr. 97/6)
Lauvås er ein gard (gnr. 97/6) i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/6. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 52b. Utskilt fra gnr. 97/5 tinglest 27. mai 1876.
| Lauvås | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 6 |
| Type: | gardsbruk |
Brukarar
Ola Kjelsen,
født 1814, død 1877. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 12).
Ola rydda i si tid gard på Eikebergheiå, men den selde han i 1857 (sml nr 52). Etterpå hadde han dette litle stykket som han tok av ved salget og her budde han så lenge han levde. Ved begravelsen kallest han for "Gaardbruger".
Gift med Karen Olena Olsdtr., født 1806, død 1879, ho var frå Konsmo i Vest-Agder. Då ho døydde var ho fattiglem, og i kyrkjeboka har presten skrive: "Fødested vides ikke (omstreiferske)".
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 248-249 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 41-42 i Digitalarkivet