Lene Vågslid (f. 1986)
Lene Vågslid (fødd 17. mars 1986) vart i 2025 statsråd i Barne- og familiedepartementet i Jonas Gahr Støre sin regjering. Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet fram til ho kom inn i regjeringa.
Ho er frå Tokke, og er dotter av Hilde Alice Vågslid som var ordførar der frå 2011 til 2015.
I 2003 vart ho leiar i Telemark AUF og styremedlem i Telemark Arbeiderparti. Ho kom inn på fylkestinget i 2007, og i 2009 vart ho første vararepresentant til Stortinget. Frå oktober 2010 møtte Vågslid fast for Gunn Olsen etter at ho vart sjuk. I 2013 sto ho på andreplass på lista til Arbeidarpartiet i Telemark, og kom inn på fast plass på Stortinget. Ho vart attvald i 2017 og 2021.
Av utdanning er ho adjunkt med utdanning i praktiske og estetiske fag.
Kjelder og litteratur
- Lene Vågslid i Historisk befolkningsregister.
- Lene Vågslid på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Lene Vågslid om seg sjølv, Arbeidarpartiet sine nettsider.