Leonhard Jansen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Leonhard B. Jansen»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Leonhard B. Jansen (født 24. februar 1958) er cand.philol. med hovudfag i historie. Han har sidan 2003 vært tilsett ved Setesdalsmuseet, og har sidan juli 2005 vore konservator NMF der. Jansen har også skrive fleire lokalhistoriske bøker og ei rekkje faglege artiklar.

Jansen er son av målar og gardbrukar Lester Jansen, og vaks opp på Rysstad i Valle kommune. I unge år var han med faren på arbeid med måling, tapetsering, legging av golvbelegg og i gardsdrifta. Medan han studerte norsk, etnologi og historie mellom 1980 og 1987, arbeidde han med gards- og ættesoga for Valle. Han tok pedagogisk seminar i 1982, og byrja som lektor då han var ferdig med hovudfaget i 1987. Frå 1988 til 1994 hadde han ei halv stilling som forfattar av sjuande og åttande band av Valle kultursoge. Han byrja så som kulturkonsulent i Valle kommune i 1995. I 1998 slutta han i kommunen og vart gardbrukar. Det var han fram til han vart tilsett på Setesdalsmuseet i 2003.

Bibliografi

  • Setesdalsmålaren Harald Lund. 1988.
  • Hylestad kyrkje 150 år. 1988.
  • Valle sparebank 125 år. 1991. Digital versjonNettbiblioteket
  • Svein Knutsson Hovden – kvedar og sogemann. 1991.
  • Valle kultursoge bd. VII – VIII. 1994.
  • Valle kyrkje 150 år. 1994.
  • Valle kommune. Kultursoge bd. VII – VIII. Valle. 1994.
  • Okkupasjonstida. Valle 1940-1945/Bykle under krigen. 1995.
  • Bykle kyrkje 375 år. 1997.
  • Jorunn Fjermestad: Ljodet på Hågehei. 1998.
  • Setesdalsbibliografi. 2003.
  • Fjellgardane kyrkje 50 år. 2007.
  • ”Eg hev halde meg til den gamle måten.” Olav Bjørgum. 2008.
  • Jon Løyland: Soger og segner, viser og vers. (red.) 2008.

Kjelder