Liaskar transport

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Liaskar Transport var ei transportforretning i Sykkylven etablert av Leidulf Liaskar. Liaskar byrja med langtransport i 1958. Første bilen han hadde var ein DAF. Godsskapet på bilen var bygd ved Stranda og Sykkylven Billag. Liaskar køyrde fast på strekninga Sykkylven-Trondheim. Ruta køyrde han tre gonger kvar veke.

Kundane til firmaet var møbelfabrikkar i Sykkylven, som Tynes Møbelfabrikk, Hj. Brunstad, Velledalen Lenestolfabrikk og Hjellegjerde Lenestolfabrikk. Som returlast køyrde han mykje Rockwool-isolasjon.

I 1961 kjøpte Leidulf Liaskar ein Mercedes Benz lastebil. Han køyrde langtransport med denne fram til om lag 1970, då han gjekk over til lokal tippbilkøyring.

Verksemda vart skipa som aksjeselskapet i 1975, og har dei seinare åra vore driven vidare av sønene til Leidulf Liaskar, Oddvar og Sverre. Kring 2004 hadde dei seks tippbilar i drift.


Kjelde:

  • Odd-Østen Hurlen: Fra 5 til 50 tonn totalvekt. Ålesund 2004.