Linda Eide

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Linda Eide (fødd 10. februar 1969Voss) er forfatter og journalist. Ho har i fleire år jobba i NRK med radio, men sidan 2007 er ho for mange mest kjend frå fjernsyn med programma Norsk attraksjon og Eides språksjov.

I 1988 byrja ho på Norsk journalisthøgskole. Etter studiane der tok ho litteraturvitskap ved NTNU, der ho var til 1996.

Ho vart programleiar i Norsk attraksjon i 2007, og leia serien til 2012. For dette fekk ho Gullruten som beste kvinnelege programleiar. I 2017 byrja ho med Eides språksjov.

Eide har vunne ei rad prisar, ut over Gullruten som allereie er nemnd. Ho fekk i 2008 Dialektprisen frå Norsk Målungdom, og i 2019 Storegutprisen for god bruk av nynorsk. Ho er ivrig tilhengar av sykkel som framkomstmiddel, og har fått Sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening. For dokumentaren Døden bak styret frå 2005 fekk Eide Bergen journalistlags Gullparaply.

I 2008 vart ho kåra til Årets homoBergen Gay Galla, og same året hamna ho på tiande plass på nettstaden Gaysir sin kåring av «Norges ti viktigste lesber».

Litteratur og kjelder