Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-27

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Sejersted. Kunstnar ukjend.

Johannes Klingenberg Sejersted (fødd i Flå i Melhus den 7. april 1761, død i Trondheim den 17. september 1823) var offiser og oppnådde generalløytnants grad. I nær 30 år av sin militære karriere var han i teneste i Danmark. Sejersted fekk ei sentral militær rolle i storhendingane i 1814. Han var fyrste sjefen for den norske generalstaben frå 22. mai 1814 og stabssjef hjå Christian Frederik under krigen i 1814. Sejersted var også med ved viktige politiske hendingar i opptakten til lausrivinga frå Danmark. General Sejersted er den mest kjende representanten for det som kan kallast offisersdynastiet Sejersted. Det starta med bondeguten Hans Knutsen Sejersted (ca. 1666-1750) som vart premierløytnant. Han var frå garden Serstad (Seierstad) i VestbygdaØstre Toten, son av Knut Eynersen Seierstad. General Sejersted var oldebarn (sonesons son) av Hans Knutsen.Les mer...