Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-42

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Deltakarar på landsmøtet i Underoffisersforbundet i Trondheim 1898.

Underoffiser var fram til 1930 yrkesnemning for militære befalingsmenn under sekondløytnants (fenriks) grad.

Underoffiserane sin yrkesfunksjon bestod i å føre militære einingar på lags- og troppsnivå, å vere detaljinstruktørar for rekruttane, og å ta seg av mykje av det administrative og forvaltningsmessige arbeidet i hæren og marinen. Særleg i artilleriet og i marinen var oppgåvene også mykje knytta til dei tekniske sidene ved våpen og fartøy.

Underoffiserane var skarpt skilde frå offisersstanden med omsyn til utdanning og moglege karrierevegar, og det var stor ulikskap i den sosiale rekrutteringa til dei to befalsgruppene. Dei avspeila den sosiale klassedelinga i samfunnet på den tida. Underoffiserane var i stor mon bondesøner, medan offiserane i all hovudsak kom frå sosiale elitesjikt da Krigsskolen krevde examen artium. Frå 1. januar 2016 vart ein ny type underoffiserskategori innførd, kalla spesialistbefal.Les mer...