Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-5

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dansk grensestein i Pinneberg, Holstein.

Holstein er eit tidlege hertugdøme, og nåverande område i Nord-Tyskland, innafor nåverande delstat Schleswig-Holstein og omfatta område mellom elvene Eider i nord, Elben i sør og Schaale i øst. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydelege utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald. I dei periodane Holstein var under dansk styre, herska den danske kongen over Holstein som tysk hertug, ikkje som konge over Danmark. Området er også kjend som opphavsområde for fleire norske slekter. Holstein og Slesvig til saman kallast ofte berre Hertugdøma.I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdelingane skulle settast opp opp og overførast til grensa:

Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, og i august var i alt 7 332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.Les mer...