Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-14

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aursjøhytta 2009
Foto: Arnfinn Kjelland

Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-SletteLesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening (KNT) bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla «Lesjehytten» vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-'93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på «Lesjahytten» og Aursjøhytta i fleire generasjonar.Les meir...