Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-42
Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong. Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen.Les mer...