Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-6
Sámi álbmotbeaivi (nordsamisk), Sámij álmmukbiejvve (lulesamisk), Sämij älbmukbäjjve (pitesamisk) eller Saemie åålmegebiejjie (sørsamisk), offisielt omsett som den samiske nasjonaldagen men òg omtala som samefolket sin dag og samefolkdagen, fell på den 6. februar og markerer årsdagen for det første samlande møtet for fleire ulike samiske organisasjonar i Metodistkyrkja i Trondheim tysdagen den 6. februar 1917. Elsa Laula Renberg stod for både idéen og gjennomføringa, og møtet samla over 100 kvinner og menn frå sør- til nordsamiske miljø i såvel Noreg som Sverige. På den 15. samiske konferansen i Helsingfors i 1992 vedtok Samerådet at dagen skulle markerast som “sámi álbmobeaivi” for alle samar — i Norge, Sverige, Finland og Russland. Den første offisielle feiringa fann stad laurdagen den 6. februar 1993. Les mer...