Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-13

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging.
Foto: Ukjend

Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»

I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn.Les mer...