Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-49
Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.
Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.
Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.Les mer...