Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-29
Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året, og dertil med eit eige julehefte i desember, Juletre. Norsk Barneblads Forlag har utanom barnebladet også gjeve ut teikneseriehefte og eit stort tal barnebøker. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk Barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er Smørbukk, som framleis er fast serie på baksida av bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet Tuss og Troll har også vore ein suksess. Norsk Barneblad kom ut i Grimstad 1887–1902, i Oslo 1902–64, i Larvik 1964–91, deretter på nytt i Oslo. Eigar og utgjevar er Samyrkelaget Norsk Barneblad. Redaktør og dagleg leiar er Nana Rise-Lynum. Les mer...