Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-1

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.

Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær.Les mer...