Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-2

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei nedre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)

Svartådalen er ein seterdal sentralt i Trollheimen, innafor grensene til Rindal kommune. Setrane her er rydda kring 1730 av tre gardbrukarar frå Indre Romundstad i Rindalen. Seinare kom setrane på handel og vart oppdelte, slik at i 1810 hadde desse fire gardsbruka på Romundstad setrar i dalen: Oppistuggu Indre, Austistuggu Indre, Utistuggu Ytre og Austistuggu Ytre. I tillegg hadde Tretta øvst i Rindalen den nedste setra i dalen. Utover 1800-talet begynte så gardbrukarar i Rennebu å kjøpe setrar i Svartådalen. Først var Bruholt, som kjøpte halvparten av seterretten til Austistuggu Ytre Romundstad i 1813. Sju år seinare kjøpte brukaren på Sørstuggu Grindal halvparten av seterretten til Utistuggu Ytre Romundstad, og om lag samstundes kjøpte Reitås den andre halvparten.Les mer...