Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-40
Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.
Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for.Les mer...