Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-51

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sara vaks opp på garden Ousta (Øststua) til høgre.
Foto: Per Magne Grue (1965)

Sara Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein av dei tidlege haugianske lekpredikantane i landet. Ho blir omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane. Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre. I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane i bygda. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil alvorleg psykisk sjukdom.Les mer...