Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-11
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust. Les mer...