Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-47
Hopp til navigering
Hopp til søk
Leirvågen kolerakyrkjegard ligg nær sjøen i Leirvåg ved Valevåg i Sveio kommune. Det går ein mur rundt heile gravplassen, med smijernsport i. Det er no ingen synlege graver inne på plassen. Muren blei restaurert i 2014.
Kyrkjegarden blei vigsla i 1849, då koleraepidemien råka vestlandskysten. Det skal ha vore den hollandske skonnerten «Magdalene Christine» som tok bakterien til Noreg då skonnerten la til kai i Bergen i desember 1848, og skapte ein koleraepidemi i Bergen og tok der livet av over 600 menneske i løpet av tre månadars periode og preidde seg raskt under sildefisket. Koleragravplassane ligg ofte langt frå folk og hus, då ein den gången trudde dei døde kunne smitta også etter at dei var komne i jorda.Les mer...