Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2027-29

Skinnfellar og andre skinnprodukt designa av Li Simon. Truleg frå Skinnfellmakargarden i Hemsedal.
Foto: Kristian Hilse/Mittet, 1969.

Li Simon (fødd 21. juli 1927 i København, død 8. september 2017 i Gol) var skinnfellmakar og designar. Ho hadde i ulike periodar verkstad i Hemsedal, Ulefoss, Sømna og på Gol. I tillegg restaurerte ho 17 gamle hus, dei fleste av dei på Skinnfellgarden i Hemsedal. I 1952 braut Li av historiestudia ved Københavns Universitet og flytta til Hemsedal med den tyske musikaren og pedagogen Vult Simon, som hadde kome til Noreg på 1920-talet. Ekteparet busette seg på Veneli (90/34) og fekk borna Martin (f. 1954) og Vita (f. 1958). I tillegg var Li i 15 år pleiemor for ein utviklingshemma gut. Garden tok også i periodar imot innsatte som var ute på prøve frå kvinnefengslet i Oslo. For Li vart bevaringa av gamle tømmerhus og av tradisjonen med å laga skinnfellar ei livsoppgåve. Skinnfellane var framleis i bruk då ho kom til Hemsedal, men handverkstradisjonen var i ferd med å verta gløymd. Saman med mannen, byrja ho å samle kunnskap om skinnfellmaking og leite fram gamle skinn og trykkstokkar på gardar og i museum. Dei eldste stokkane dei fann, hadde teikningar med typiske helleristingsmotiv, og det eldste skinnet dei fekk til samlinga si var kring 200 år gamalt. Det innsamla og avteikna materialet vart så katalogisert.Les mer...