Ludvig Munthe (1593–1649)
(Omdirigert fra «Ludvig Hansen Munthe»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ludvig Munthe (fødd 2. august 1593 i Tikjøb på Skjelland i Danmark, død 12. mars 1649 i Bergen) var son av sokneprest Hans Ludvigssøn Munthe (1560-1601) og Anne Catharina de Fine (1566-1601).
Munthe vart utnemnd til dansk hoffpredikant hjå Christian 4. i 1634 og biskop i Bergen 25. oktober 1636. Han kom til Bergen og overtok embetet 13. mars 1637. Han er stamfar til Munthe-ætta i Noreg.
Munthe var gift med Ingeborg Sørensdattar Friis, dotter av slottsskrivar Søren Friis. Dei fekk 15 born, og dei 12 som voks opp, var:
- Johannes (Hans) Munthe (1625-1706)
- Frederik Munthe (1627-1676)
- Abel Munthe (1628-1676)
- Catharine Munthe (ca 1628-1674)
- Elisabeth Munthe (ca 1630-ca 1649)
- Birgitte Munthe (1634-1708)
- Maren Munthe (1635-1685)
- Anne Munthe (1639-1688)
- Helvig Munthe (ca 1642-1689)
- Ludvig Munthe (1644-1688)
- Søren Munthe (1646-1687)
- Ingeborg Munthe (1646-1687)
Kjelder
- Lampe, Johan Fredrik. (1895). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 1). Kristiania: Cammermeyer. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Bang, A. C. (1897.) Munthe, Ludvig Hansen. Dansk biografisk leksikon. (Bd. 11). (Digital utgåve, runeberg.org)
- «Ludvig Hanssøn Munthe», Norsk biografisk leksikon.
- Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593–1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)
Forgjenger: Niels Paaske |
Biskop av Bjørgvin |
Etterfølger: Jens Pedersen Skjelderup |