Lunde bærtørkeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Sætherskar (1949).

Lunde bærtørkeri var landets eldste bærtørkeri.

Tørkeriet blei starta av fylkesgartnar Nils Opheim i 1914, og låg attmed Lunde stasjon i noverande Nome kommune. Opheim ynskte å utnytte landets rikdomar av bær og andre nyttevekstar, noko som var årsaka til etableringa av tørkeriet. Her blei det produsert tørka grønnsaker, grønnsaksmjøl, tørka blåbær, nyper, forskjellige hagebær, plommer, epler, pærer osv. Verksemda dreiv også med eigen frukt- og grønnsaksdyrking, samt planteskule. Kring 1950 var O. B. Opheim frå Lunde innehavar av verksemda.[1]

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 836.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.