Lurheim Grendehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lurheim Grendehus
Foto: ukjent fotograf/egen samling

Lurheim Grendehus er forsamlingslokale for Haukås og Lurås krets i Austbygde, innvigd andre påskedag 1910. Det var Tinns fyrste ungdomshus, bygd av Fjell-ljom ungdomslag.

Bakgrunn

Fjell- ljom byrja rundt 1900 å ønskje seg eige hus og ei nemd som skulle sjå nærare på den saka vart vald. Det var Jon H. Bakhus, Nils O. Luraas og Halvor Dillekaas. Det vart ikkje bygging denne gongen. Tida var kanskje ikkje moden og laget hadde heller ikkje kapital nok.I 1907 kom emnet opp att og interessa for bygging var større no enn i 1900. Ei ny byggenemd vart valgt, det var desse karane: Jon S.Gollo, Torstein T. Garden, Halvor O. Dillekaase, Søren O. Svimbil og Halvor T. Dale.Dei fekk leige tomt av Statens skoger for ein rimeleg penge, og bra tømmer fekk dei kjøpt av Anfind O Luraas. Han var heller ikkje urimeleg på prisen. No kunne Fjell-ljom setja i gang med bygging av eige hus i grenda. Medlemmene i Fjell-ljom var enige om at det ville vera vanskeleg å realisere draumen om eige hus aleine. Dei gjekk inn i eit samarbeid med Austbygde Skyttarlag. Fordeilinga vart slik: Fjell-ljom skulle eiga 2/3 og skyttarlaget 1/3.

Andre påskedag 1910( 28 mars) vart Lurheim innvigd med ein stor fest, der alle som hadde betalt 10 kroner til bygdekassa til Lurheim kunne gå gratis på, ellers var inngangspengane 1 krone. Skogbetjent Olaf Stigum held festtala, han tala om den engelske statsmannen Gladstone. Underleg kanskje, men eit foredrag var eit foredrag den gongen. Ola K Luraas helsa frå dei eldre og ynskte ungdommen til lykke med det nye flotte huset. Luren hadde eget festnummer til innvielsefesten med Hølje T Dale som bladstyrar. Det er fleire gode dikt, og anna som er sendt inn til dette festnummeret. Huset vart flittig bruka til forskjellige tilstelningar og Fjell-ljom hadde m.a. eit aktivt amatørmiljø. Ei scene var eit stort savn.

Ombygging

I 1922 byrja dei å tenkje på ombygging, det var fleire forslag til ombygging, og ved avstemning vart det vedteke at det blei bygd nytt, både spisesal, kjøkken og scene. Kostnaden for ombygginga vart beregna til omlag 5000 kr . Det vart også vedteke å velge ein husformann. Torgeir T Dale vart vald som Lurheims fyrste husformann. Byggenemd no var : Formann Øystein O. Jonsjord, Torstein T. Dale, Gunnulv T. Dale og Øystein K. Orekaase 09.03.1924 vart Lurheim innvigd etter ombygginga. Om lag 200 mennesker var møtt fram.

Fjell-ljom hadde fått seg eit flott hus, og det vart mykje bruka. Det vart ein trist lagnad Lurheim til slutt fekk då det brant ned til grunnen natt til 1. juni 1964. Det hadde før brannen vorte snakka om ombygging, men no måtte planane endras til nybygging.

Nybygging av Lurheim

Det vart valgt ein byggekomitè som skulle bestå av : Styret i U.L. Fjell-ljom, styret for Fjell-ljom ungdomsherberge og styret i Austbygde Skyttarlag. Frå desse vart det valgt ein arbeidskomitè. Det var Johannes Lurås, Olav H.Lurås og formannen i skyttarlaget.

Litteratur

  • Fjell-ljom ungdomslag 100 år 1896-1996/ Tor Dale Svendsen

Koordinater: 60.05204° N 8.81138° Ø