Mårheimsrud (Tinn gnr 70)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mårheimsrud | |
---|---|
Alt. namn: | Maaremsrud, Marimbsrud, Marumrud, Marumsrue |
Fyrst nemnd: | 1593? |
Sokn: | Atrå |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Tinn |
Gnr.: | 69 |
Mårheimsrud er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 315) skriv Halvor H. Einung at «Mårheimsrud er rudd og bygd i mellomalderen og var då uskild part frå Mårheim.».
Det opphavelege tunet på Mårheimsrud låg truleg midt mellom dei to noverande bruka på garden. Staden vart seinast i 1715 delt i Nord og Sud Mårheimsrud.
Bruk
- Sud Mårheimsrud (bnr. 1)
- «Skog» (bnr. 2 og 4), staten var eigar i 1950. Staten åtte òg fleire fossar og stryk som opphaveleg låg til Mårheimsrud.
- Nord Mårheimsrud (bnr. 3)
Husmannsplassar
- Mårevik
- Solbring
- Haugen
- Låvekåse, seinare sjølveigarbruk.
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 2. Rjukan. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 315-324.
- Marumsrue i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet