MB «Levan» M 10 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Levan» 1950-1951

MB «Levan» M 10 VA eller «Gimbra» var bygd og eigd av Holsvik notlag frå 1924. Den var bygd som robåt, truleg to til tre par årar og rodd med «Storenota», seinare slept av «Rollo»/«Vandring». Det er ikkje utan grunn at landnøtene ofte vart kalla «kastenøter». I ein båt utan rull var nota treg å få ut, difor stod der oftast ein mann på kvar side av nota og kasta den ut etterkvart som dei rodde framover. Ombygging av båtar er omtalt i eldre papir, dette kunne Austefjordingane. Så og med «Gimbra».
I 1936 vart den ombygd til gavlbåt og sett inn motor «Levahn» 8 - 10 HK. Då Holsvik notlag planla snurpenot vart den seld til Åmelfot notlag i Dalsfjorden 1950, nytt nr. M 27 D. Om not og spelbåt var med i handelen veit ein ikkje sikkert enno (2010).
Ved kommunesamanslåing med Volda vart nytt nr. M 128 VA med same eigar. Ved kjøp Åmelfot notlag vart den ombygd på nytt, no med lugar og rorhus. I Åmelfoten vart båten brukt med landnot i konkuranse med fire - fem andre landnotlag. Seld vidare til Selje omkring 1970(?) utan motor.



1. Namn / nr[1] 2. År / type[2] 3. Mål [3] 4. Byggestad[4]) 5. Motor[5] 6. Andre opplysningar 7. Eigar
«Gimbra» 1924, klinkerbygd robåt 25,0/8,0/ 5,0 Holsvik notlag under leiing av Rasmus Løfoll Ikkje motor Ikkje F.reg Holsvik notlag
«Levan» M 10 VA «Gimbra» 1936/Må, klinker, motorgavl 25,0/8,0/ 5,0 Holsvik notlag under leiing av Rasmus Løfoll Levahn/ 1919/ 8 - 10 F.reg. 1936 Holsvik notlag
«Levan» M 27 D «Gimbra» 1951/ Må, klinker, motorgavl m/lugar og rorhus framme 25,0/8,0/ 5,0 Åmelfot notlag i nytt nothus Levahn/ 1919/ 8 - 10 Åmelfot notlag
«Levan» M 128 VA «Gimbra» 1962 25,0/8,0/ 5,0 Omreg. v/kommunesamanslåing Åmelfot notlag
«Levan» SF ?? Selje «Gimbra» 1965 25,0/8,0/ 5,0 Åmelfot notlag, motor utteken, skrota ca. 1975 ? ?? Ingen opplysingar Ingen opplysingar

Forklaringar til kolonnene i tabellen

Viss ein har rettingar / tillegg til informasjonen i tabellen, kan den òg gjevast på samtalesida. Da vil ein av dei opphavlege skrivarane redigere den inn på rett stad i tabellen.

  1. Her skriv ein inn namnet og -kjennemerke på båten. Det gjeld både «offisielt» namn t.d. i fiskeriregisteret samt forskjellige «utnamn» båten er kjent under i lokalsamfunnet.
  2. Gjeld byggeår, år for reparasjon og båttype: Mk - motorkutter, Mkr - motorkryssar, Må - open motorbåt(
  3. Gjeld lengde, breidde og djupne. Vanleg skrift norske fot, kursiv engelske fot, meter m før tal
  4. Verft / båtbyggeri
  5. Namn, byggeår, -stad og hk

Kjelder

Informantar

  • Botn, Trygve f. 1935
  • Botn, Rolf f. 1934
  • Furnes, Einar f. 1944
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Åslid, Einar f. 1943