Malsamtale:Navigasjon Sørlandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skal vi gå helt ned på region- og kommune-nivå på landsdelforsidene? For østlandets del vil det være vanskelig å gjennomføre uten å drukne forsiden i stedsnavn, derfor har jeg kun operert med to nivåer på navigasjonsmalene så langt. --Raymond Johansen 27. apr 2009 kl. 13:50 (CEST)

For Austlandet og Vestlandet tykkjest det openbert at dei aktuelle distriktsinndelingane gjev altfor mange namn på landsdelsforsidene. På Sørlandet, i Trøndelag/Midt-Noreg og Nord-Noreg trur eg likevel ikkje dette blir så problematisk. Er det tvingande grunnar til å vere konsekvente her? I så fall må vi nok halde oss på to nivå (landsdel og fylke) for alle landsdelsforsidene.
Eit vanskelegare spørsmål er kva distriktsnemningar ein kan bli samd om å nytte i navigasjonsmalane.
Distriktsinndelinga (altså mellom kommune- og fylkesnivåa) må i motsetnad til landsdel/fylke/kommune-inndelinga nødvendigvis bli pragmatisk. Dvs. at det vil måtte dreie seg om einingar av høgst ulik bakgrunn, karakter og utstrekning. Dei er ikkje fatsette ved offentlege vedtak, jamvel om mange kan ha bakgrunn i (eldre) administrative einingar. Dei distriktsnemningane som inngår i navigasjonsmalane, må vere slike som i folks medvit er ”levande” einingar, som vi kan vente at mange vil søkje på, og som det fell naturleg å lage forsider for og gruppere artiklar under. Ikkje nødvendigvis alle kommunane i eit fylke vil falle inn under noko slikt distrikt. Og ikkje i alle fylke er det naturleg å ta med distriktsnemningar under i det heile teke. Under Sørlandet er det berre ei distriktsnemning som er uomtvisteleg etter mitt skjønn nemleg Setesdalen under Aust-Agder. Til Olves nyinnlagde distriktsnemningar under Sørlandet: Eg tvilar litt på at Lister og Nedenes er "levande" for folk i dag, men dette veit eg ikkje nok om til å vere skråsikker. Kristianssandsregionen og Mandalsregionen er vel nyleg skapte nemningar som kan fungere, men eg ser likevel problem med å innføre slike nye og kanskje skiftande distriktsnemningar i navigasjonsmalane. Det bør derimot absolutt kome artiklar som definerer alle desse distrikta.--Hans P. Hosar 27. apr 2009 kl. 14:30 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Mal:Navigasjon Sørlandet»

Start en diskusjon