Margreth Olin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Margreth Olin, eigentleg Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970 i Stranda kommune) er regissør og manusforfatter. Ho er særlig kjend som dokumentarfilmskapar, og har vunne fleire prisar for sitt arbeid.

Liv og virke

Olin studerte ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda, og debuterte med eksamensfilmen I kjærleikens hus i 1995. I 1997 laga ho filmen Onkel Reidar, om onkelen hennar som har Downs syndrom. Den første heilaftens dokumentarfilmen, Dei mjuke hendene, hadde kinopremier i 1998 og innkasserte mellom anna Amandaprisen. Den første fiksjonsfilmen, De 7 dødssyndene, kom i 2000. Sjølv om ho allereie då hadde etablert seg som filmskapar, var det med dokumentaren Kroppen min frå 2002 at ho verkelig fekk eit gjennombrot. Denne filmen fekk ho Amandaprisen og fleire andre priser for. Ungdommens råskap frå 2006 vart sett av nesten 60 000 på norske kinoer. Ho vart inspirert av mellom anna den amerikanske dokumentaristen Frederick Wiseman. Olin har vore innom eit fleirtal av dei viktigaste områda i den norske samfunnsdebatten, som skule, helse, innvandring og rusomsorg. Ho har og stått som produsent for fleire filmer i regi av andre, og ho har samarbeida mykje med Thomas Robsahm og selskapet Speranza Film

Ho tok i 2006 initiativ til opprette Nestekjærlighet-aksjonen. Etter at den hadde ligge brakk ei tid, dro ho i 2008 i gang aksjonen att i protest mot innstramming i asylpolitikken. Magasinet Ny Tid kåra henne det året til Årets nordmann.

Spelefilmdebuten kom først i 2009 med Engelen. I 2016 kom dokumentaren Mannen fra Snåsa, som med kring 170 000 solgde billettar er den nest mest besøkte dokumentarfilmen på norsk kino.

Bland prisane, i tillegg til Amanda-prisane som er nemnd allereie, kan vi nemne Gullruten for beste fjernsynsdokumentar (2004), Livsvernprisen (2008), YS' likestillingspris (2009), Amnestyprisen (2010), Edith Carlmarprisen (2012), Annette Thommessens minnepris (2012) og Arne Sjouens ærespris (2013).

Filmografi

Regissør

  • Fedrelandet (2023)
  • Selvportrett (2020)
  • Barndom (2017)
  • Mannen fra Snåsa (2016)
  • Cathedrals of Culture (2014)
  • De andre (2012)
  • Engelen (2009)
  • Lullaby (2006)
  • Ungdommens råskap (2004)
  • Kroppen min (2003)
  • De 7 dødssyndene (2000; episoden Fråtseri)
  • Dei mjuke hendene (1998)
  • I kjærleikens hus (1995)

Manus

  • Fedrelandet (2023)
  • Selvportrett (2020)
  • Barndom (2017)
  • Mannen fra Snåsa (2016)
  • Cathedrals of Culture (2014)
  • De andre (2012)
  • Engelen (2009)
  • Moderne slaveri (2009)
  • Lullaby (2006)
  • Ungdommens råskap (2004)
  • Kroppen min (2003)

Produsent

  • Selvportrett (2020)
  • Barndom (2017)
  • Mannen fra Snåsa (2016)
  • De andre (2012)
  • Scener fra et vennskap (2009)
  • Statistics (2009)
  • Moderne slaveri (2009)
  • Pizzaeventyret (2007)
  • It’s Hard to Be a Rock’n Roller (2006)
  • Valo (2005)

Klipp

  • Mannen fra Snåsa (2016)

Priser og utmerkelser

  • Zola-prisen 2013
  • Amanda for beste dokumentar 2013 for De andre
  • YS’ likestillingspris 2010
  • Vesleblakkenprisen 2013
  • Livsvernprisen 2008 for Onkel Reidar og Dei mjuke hendene
  • Årets nordmann ved nyhetsmagasinet Ny Tid 2008
  • Hans Christian Ostrøs minnepris 2007
  • Hederlig omtale ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 2006 for Lullaby
  • Hederlig omtale Nordisk Panorama i Århus 2007 for Lullaby
  • Brosteinprisen fra Kirkens Bymisjon 2006
  • Dokumentarfilmprisen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 2005 for Ungdommens råskap (delt med Christine Tobiessen og Susann Østigaard)
  • Gullruten for beste tv-dokumentar 2005 for Kroppen min
  • Hederlig omtale ved Dokumentarfilmfestivalen i Volda 2005 for Ungdommens råskap
  • Aamotstatuetten 2003
  • Museumsprisen ved Antropologi- og dokumentarfilmfestivalen i Pärnu 2003 for Kroppen min
  • Hederlig omtale ved Filmfestivalen i Karlovy Vary 2003 for Kroppen min
  • Hederlig omtale ved DokumentART i Neubrandenburg 2003 for Kroppen min
  • Gullstolen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 2002 for Kroppen min
  • Publikumsprisen ved Filmfestivalen i Båstad 2002 for Kroppen min
  • Amanda for beste dokumentarfilm 2002 for Kroppen min
  • Hederlig omtale ved Dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam 2002 for Kroppen min
  • Humanistprisen ved Lilla Filmfestivalen i Båstad 2000 for Dei mjuke hendene
  • Amanda for beste dokumentarfilm 1999 for Dei mjuke hendene
  • Dokumentarfilmprisen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 1999 for Dei mjuke hendene
  • Gullruten for dokumentar 1999 for Dei mjuke hendene
  • Publikumsprisen ved Nordisk Panorama i Reykjavik 1999 for Dei mjuke hendene
  • Hederlig omtale ved Nordisk Panorama i Reykjavik 1999 for Dei mjuke hendene
  • Kritikerprisen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 1999 for Onkel Reidar

Litteratur og kjelder


Brudeferden plakat.jpg Margreth Olin er basert på en artikkel fra nettstedet Nordic Women in Film, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Den ble opprinnelig skrevet av Trond Olav Svendsen. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.