Markus Lias Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Markus Lias Møbelfabrikk.
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv" skannet side nr. 743. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Markus Lias Møbelfabrikk blei starta av Markus Lia (26. august 1906 - 6. mars 1989) i 1938. Verksemda låg på ei slette like ovanfor Drangedal stasjon ved vegen til Tørdal og Vrådal i Drangedal kommune.

Då Lia kjøpte tomta på tre mål, stod det allereie ein bygning her som frå byrjinga vart nytta som lokale for møbelfabrikken. Under krigen vart bygningen ombygd, og attmed denne vart det ført opp eit meir moderne bygg. Fabrikken fekk slik ein storleik på 250 kvm med to etasjar (500 kvm golvflate). Her vart det plass til både tørke og sag. Verksemda fekk slik bearbeida rundtømmer som dei kjøpte frå kringliggande skogar, og nytta tømmeret i møbelproduksjonen.

Fabrikken laga alle typar møblar, men spesialiserte seg i spisestove- og soveromsmøblar. Møblane vart solgt i heile distriktet, men også i Oslo og Kristiansand. Kring 1950 sysselsatte verksemda seks personar.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.