Maudlandslia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Maudlandslia i Sandnes kommune er eit bustadfelt som vart etablert i byrjinga av 1980-talet og hadde frå byrjinga fire delfelt. Etter 2012 er det etablert 2 nye mindre delfelt. Feltet ligg i det nordaustre hjørne av Frøylandsvatnet og i området som var beitemark for fleire av bøndene på Frøyland.

Det var mangel på bustadtomter på Nordjæren på slutten av 1970-talet på grunn av stor tilflytting i samband med oljeverksamda. Sandnes kommune gjekk saman med Statoil (Equinor), Mobil Exploration, Phillips Petroleum Company Norway (Conoco Phillips) og Oljedirektoratet (Sokkeldirektoratet) om å planlegge og opparbeide bustadområdet, og desse selskapa fekk tildelt nokre bustadtomter kvar. I delfelt 1 vart det bygd fleire hus av tilsette i desse selskapa, men tidene snudde seg, og vegen til Maudlandslia på Hommersåk frå arbeidsplassen blei i lengste laget og interessen for desse «oljetomtene» forsvann og Sandnes kommune overtok dei.

Kjelder

  • Opplysningar frå Inger-Sigrun Slagstad Vik, eigen kunnskap.