Maurstad gamle skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Maurstad gamle skule i Maurstad krins ligg i Vågsøy kommune.

Skulehuset

  • Byggår: Huset vart bygd på garden Indre Nore i 1894.
  • Fungerte som skule: 1894 – 1937.
Gamle maurstad skule.
Foto: Marie Nicolaisen, 2018

Skulehuset var ikkje stort, det hadde eit klasserom, eit lærarrom og eit lite loft.

I 1937 vart skulehuset for liten så småskulen måtte halde skule i private heimar rundt om i bygda. Dette varte heilt fram til den nye skulen stod ferdig i 1953. Det vart halde småskule på fem stadar; hjå Klara Seim, Edvin Nore, Samson Hamre, Peder Maurstad (på Vollen) og Hilda og Arnold Nore (på Maurstad).

Under krigen rekvirerte tyskarane skulestova og ungdomshuset. Skulehuset vart nytta av tyskarane som kasserne for både soldatar og russiske krigsfangar. Då måtte både storskulen og småskulen ut i private heimar for å gå på skule.

Anna bruksområde

Maurstad ungdomslag hadde innreia skulehuskjellaren og hadde teaterframsyningar, heldt ungdomslagsmøte og arrangerte festar fram til dei fekk sitt eige hus (Bygdatun) som vart innvia i 1935. Det kom også emisærar og heldt møte i kjellaren.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Gamleskulane, Bryggja.no

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.944649° N 5.458249° Ø