Middelalderkjellaren på Hoff prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Middelalderkjellaren på Hoff prestegardToten vart truleg bygd på 12-1300-talet. Fyrste gongen ein høyrer om denne kjellaren er i samband med opprøret til Herlog Hudfat i 1508.

Kjellaren

I 1785 bygde prost Borchgrevink «et nyt Huus paa Bierget over Viinkielderen». Det Borchgrevink kalte «vinkjellar», brukte seinare prestar som potetkjellar, men det har òg vori brukt som fangehol. Kor gammal kjellaren «paa Bierget» er, veit ingen. At han stammar frå høgmiddelalderen, det vil seia frå 12-1300-talet, er rimeleg sikkert. Den kvelva steinkjellaren er lik kjellarromma under steinhuset på Gran og middelalderkjellarar på Hedmarken. Han er det einaste kjende profane, det vil seia ikkje-kyrkjelege, middelalderbyggverket på Toten. Kva som gjømmer seg under laget med potetjord på kjellargolvet, kan berre arkeologiske utgravingar gi svar på. Fyrste gongen vi høyrer om denne kjellaren, er i 1508.

Samfunnsstrukturen

Det er ei dramatisk historie. Dei to fyrste hundreåra etter Svartedauden var ustabile. Store delar av maktapparatet og samfunnsstrukturen i landet vart sett ut av spell av pestane på 13- og 1400-talet, som tok bort rundt to tredelar av folket. Dei ulike unionane med grannelanda Danmark og Sverige avløyste einannan. Ved overgangen til 1500-talet fann danskekongen, kong Hans, at han laut plassere son sin som visekonge i Noreg for å sikre det danske herredømmet i landet, og da fyrst og fremst i dei austre delane av landet, mot svenskane. Det var tronfølgjaren, hertug Kristian, den seinare Kristian II, som vart send oppover. Han kom åt Oslo i januar 1507.

Danskar og svenskar

Hertugen sette inn danskar i leiande stillingar. Han gav byborgarane i Oslo einerett til å handle med utlendingar. Det gjekk utover inntekta åt norske bønder og stormenn som før hadde bytta varer direkte med utlendingane. Nå kom byborgarane inn som eit fordyrande mellomledd. Biskopen på Hamar og stormennene i mjøsbygdene hadde nært samband med makthavarane i Sverige. Å få hjelp av svenskane til å kaste ut danskane, var truleg ikkje ein framand tanke for dei. Da den danske hertugen utfordra den økonomiske makta dei hadde, og attåt freista legge på ein ekstra skatt, måtte det bli bråk. Oppstanden som følgde hadde både politiske og økonomiske årsaker.

Opprøret i 1508

Sist i januar 1508 var hertug Kristian på veg nordover frå Oslo med følgjet sitt. Han drog over Hadeland og hadde meint seg åt Toten og truleg over mjøsisen til Hamar. På Ringnes på Stange budde væpnaren Herlog Hudfat. Han fekk med seg andre stormenn og bønder frå Hedmarken og Toten og meinte å ta hertugen i bakhald på Kjølvegen, på åsen mellom Toten og Hadeland. Om biskop Karl på Hamar hadde noko med dette å gjera, er uvisst. Herlog Hudfat og følgjet hans la opp vegsperringar på høgste åsen, og venta på at hertugen skulle koma. Men hertug Kristian hadde fått nyss om kva som var i gjere. Om natta kom mannskapa hans og overfall opprørarane. Dei som kunne, med Herlog Hudfat i spissen, flykta attende til Toten med hertugen i hælane. Dei gjømte seg i Hoffkjørkja. Hertug Kristian måtte da respektere kjørkjefreden, kan dei ha trudd. Men da kjende dei den danske tronarvingen dårleg. Kristian sette fyr på kjørkja og tok rømlingane til fange. Dei vart sette inn i «den huelffde murede kielder i prestegaarden», som biskop Jens Nilssøn fortalde på 1590-talet.

Hovud på stakar

Etter at han hadde brent ned Hoffkjørkja og sett opprørarane inn i prestegardskjellaren, drog hertug Kristian attende til Oslo. Han tok med seg Herlog Hudfat og andre av leiarane for opprøret og sette dei inn på Akershus. Der vart dei forhøyrde og torturerte. Dei fremste leiarane vart halshogne, medan andre kjøpte seg fri ved å betale store bøter. Hovuda åt Herlog Hudfat og andre leiarar vart sette på stakar, og der stod dei, til skrekk og åtvaring for andre som kunne finne på å utfordre makta åt danskekongen, i innpå eit kvart hundreår. Da krønikeskrivaren Reimar Kock frå Lübeck var på Akershus i 1532, hadde hovuda nyss vorti fjerna. På hovudet åt Herlog Hudfat hadde hertug Kristian fått sett ei krone av jarn, som om det var «nordmennenes konge» han hadde sigra over. Hertugen tok hamarbiskopen, den tidlegare totenpresten Karl Jensson Jemt, til fange òg. Han døydde i fangenskap i 1512.

Potetbu

Minnet om opprøret på Toten i 1508 har overlevd opp gjennom hundreåra, og den kvelva murkjellaren på Hoff står her ennå. Vi veit at Borchgrevink bygde eit hus oppå kjellaren for 230 år sidan. Det huset er for lengst borte og eit enkelt potetbutrev har komi i staden. Men kva slags hus som stod oppå middelalderkjellaren før Borchgrevinks tid, veit vi lite eller ingen ting om.

Kilder og litteratur

  • Nøkleby, Olaf: «Middelalderkjellaren på prestegarden og opprøret i 1508», i Hoff menighetsblad 3/2015, s. 6-7.