Mjosundet Båt og Hydraulikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjosundet Båt og Hydraulikk er eit båtbyggeri i Mjosundet i Aure kommune. Føretaket vart starta opp som Mjosundet Båtbyggeri i 1926. I 1930 tok Klaus Ås over, og dagleg leiar i 2012 er Kjetil Ås.

Produksjon

I starten vart det produsert trebåtar. I dag vert det produsert innan tre hovudområde: Båtar/skip (m.a. fiskefarty og passasjerbåtar), dekkutstyr (m.a. stabiliseringstankar og vinsjar) og thrustarar (baugpropellar).

Klaus Ås var ein pioner innan trebåtbyggeteknikk. Han var den første som laminerte spant og limte inn lekter mellom hudplankane, i staden for å nate på tradisjonelt vis. Dette gav sterkare farty på kortare tid inn ved vanleg kravellbygging. Han tok også patent på liming av hud i 1951 eller 1952.

Det største fartyet som vart bygd med Ås sin teknikk var M/S «Klaus Ås», som etter mykje om og men med Veritas vart sjøsatt i 1956. Det var på heile 82 fot. Etter to års prøvetid var det ingen teikn på problem med teknikken, men Veritas forlenga prøvetida med to år til før dei ville gje endeleg godkjenning. Høsten 1960 gjekk båten på grunn for full fart ved Flatanger, og fekk store skader. Sjølv om aktre del av kjølen var høvla vekk i grunnstøytinga, var det ikkje skader på sjølve skroget, og etter denne harde testen godkjende Veritas byggemåten.

Den siste trebåten frå båtbyggeriet vart sjøsett i 1982, og det var då bygd om lag 60 farty med Klaus Ås sin metode. Etter dette har verksemden bygd aluminiumsbåtar og utvikla og produsert hydraulisk dekksutstyr.

Kjelder