Moen Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå utsida av Moen Landhandel ei gong før 1950.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Moen Landhandel blei starta av Jørgen Pedersen i 1883. Forretninga låg i Sauland i Hjartdal kommune.

Historikk

Kring 1880 blei det starta landhandel i Kleppenhagen like overfor Løvheim Hotel. I formannskapsmøte i november 1875 blei det handsama søknad om handelsløyve for Nils Arnesen som ville starte handel på Leine, men det synte seg etterkvart at han hadde reist frå bygda. Det vart i staden Jon Haugen som hadde forretninga fyrst, men snart kom Jørgen Pedersen (1845-1905) til bygda å starta landhandel. Han hadde leigekontrakt på Kleppenhagen frå 1883.

Pedersen starta forretninga i ei lita tømre der han nytta bakrommet som postkontor. Etter kvart flytta dei våningshuset frå Ned-Leine og bygde det om til landhandel. Snart vart dette ein assortert kolonial og landhandel. På utsida stod parafintønna, og snart vart det også bensinstasjon her. På slutten av 1890-åra vart det bygd til eit bakeri i forretninga som var i drift til 1920-åra. Bakaromnen stod her til 1988.

Etter at fleire familiemedlemar hadde prøvd seg som landhandlarar i Kleppenhagen, vart det til slutt dottera til Jørgen Pedersen, Anne Marie (1897-1975), gift med Harald Moen (1903-1983) som vart drivarane av forretninga frå 1927.[1] Det var truleg no forretninga skifta namn til Moen Landhandel.

Moen Landhandel fungerte både som assortert landhandel og bensinstasjon. I tillegg handla Moen med metervare, sko og garn. Moen tok mål og trykkprøver og fekk sydd dressar til saulendingane i byen. Bygdefolket leverte egg og smør til forretninga.[2] Den var også kommisjonær for De forenede ullvarefabrikker, Det norske pengelotteri, og Aftenposten.[3]

I 1973 solgte Anne Marie Moen eigendomen til Hjartdal Sparebank som seinare reiv bygningen og bygde banklokale.[4]

Kjelder

  • Karlsrud, Gjertrud Kleveland, Hjartdalsoga : gard og ætt. 2 : Sauland, Sauland, 1992. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Referanser

  1. Karlsrud, 1992, s. 328-329
  2. Karlsrud, 1992, s. 329.
  3. Sætherskar, 1949, s. 790.
  4. Karlsrud, 1992, s. 329.