Moses Levi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Moses Levi var ein portugisarjødisk handelsmann som særleg dreiv med tobakkshandel. I 1734 reiste han og broren Bernt Levi samt knekten Joseph til Noreg med eit skip som Andreas Bull førte.[1] Tollaren sa åt dei da dei kom i land i Tønsberg i mai 1734 at dei ikkje hadde tilgang til landet utan leidebrev; dei svara at dei som portugisarjødar ikkje trong det, og dei bad tollaren hjelpe dei å søkje om leidebrev medan dei venta ombord. Ærendet deira var å innkreve gjeld frå norske kundar og elles konsolidere forretninga. Statthaldaren svara med å få dei arrestert; retten valte å sjå bort frå unntaket for portugisarjødar, og dei vart omgåande ilagt bøter på 1000 rdl. kvar pluss omkostningar på 30 rdl. Bøtene (tilsvarande ca. 2,5 kg sølv kvar) hadde dei ikkje nokon mulegheit til å betala og dei vart sittande i fengsel fram til 6. august, da statthaldaren fråfall bøtene men opprettheldt kravet om saksomkostningar. Dei vart nekta leidebrev og pålagt å straks forlata landet.[2]

I 1737 fikk Moses Levi leidebrev, men innkrevingsarbeidet gikk dårleg. I 1739 søkte han om opphaldsløyve i seks månader for å gjera eit nytt forsøk på innkreving. Det er ikkje kjent korleis det gikk med den søknaden.[2]

Fotnotar

  1. Bull, M.: Østlandsslekten (tønsbergslekten) Bull. Oslo, 1933.
  2. 2,0 2,1 Holter, Frank: «De første jødene i Norge», på Docplayer.me. (Lese 15.04.2021.)