Myklebust krins (Jølster)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Myklebust krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Det første ein høyrer om undervisning på Myklebust i protokollane, er frå 1835. På dette tidspunktet var det ikkje ein krins, men hørte til rode 2 som på dette tidspunktet omfatta gardane: Myklebust og Åsen. Undervisninga blei også halde på garden i private husstandar som ein del av omgangsskulen. Etter skulelova frå 1860, ser det ut som at Myklebust blei ein eigen skulekrins, og den gamle rodeordninga blei avvikla.

Skulen var to-delt: småskule og storskule. Det var mange elevar kvart år som gjekk på skulen i Myklebust. I perioden 1878 – 1947 var det i gjennomsnitt 27 elevar kvart år. Talet på elevar høyast på byrja av 1900-tallet og gjekk gradvis nedover, særlig etter 2. verdskrig.

Læraren på Myklebust høyrte også til Sandal krins. I 1916/1917 blei krinsane avskilt frå kvarandre, og det blei tilsett eigen lærar i begge krinsane.

I 1947 blei Myklebust krins nedlagt og slått saman med Sandal krins. Samstundes blei ein ny krins oppretta i Dvergsdalen. Elevane som tidligare måtte vandre frå Dvergsdalen ned til Myklebust fekk dermed sin eigen skule i dalen.

Skulehus

Eit skulehus blir tatt i bruk i Myklebust frå 1881.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
O.J. Møkelbust Myklebust 1836 1840?
Ole Christensen Myklebust 1855 1858?
Daniel Olsen Myklebust 1859 1860?
Anton Eliasson Fond 1866 Myklebust 1894 1935 Stord 1887
Malmfrid Lunde 1901 Myklebust 1936 1937 Volda 1923
Ludvik Myklebust 1903 Myklebust 1937 1939 Volda 1924
Oddmund Klakegg 1914 Myklebust 1940 1947 Volda 1936

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • '


Koordinater: 61.523318° N 6.349672° Ø