Nøstekroken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nøstekroken AS var ei spesialforretning i strikketøy, tekstiler og utstyrsvarer i Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1982 som aksjeselskap, og med Oddhild Blindheim og Åshild Indrebø som aksjeeigarar. Butikklokala, som var på 65 m2, leigde dei i forretningsbygget til Oddlaug Aure. Vareutvalet omfatta garn og broderivarer av alle slag.

Nøstekroken A/S hadde i 1983 tre tilsette som alle arbeidde på deltid.

I 2009 tok Lene Cathrin Aarhuus og Elise Hovet over Nøstekroken. Forretningsverksemda var basert på sal av tekstilar og utstyrsvarer. I 2023 vart butikken lagt ned då eigarane ikkje fann grunnlag for vidare drift.

Kjelder:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Nettstaden purehelp.no
  • Nyss 23.6.2023