NEG 252 Grunnlovsjubileet i 2014

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG 252»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 252 Grunnlovsjubileet i 2014 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2014 med tittel Grunnlovsjubileet i 2014. Utsendarar var Olaf Aagedal ved forskingsinstituttet KIFO og Line Grønstad i samband med eit forskingsprosjekt knytt til korleis folk opplevde grunnlovsjubileet i 2014.

Introduksjon til spørjelista

Den som svarar på lista er samd i at svaret blir arkivert (anonymt) og brukt av forskarar i dag og i framtida. Brukarar av materialet pliktar å verne integriteten til opphavspersonen og eventuelle andre personar skildra i svara.

I 2014 har Noreg feira 200-årsjubileet for grunnlova 1814 gjennom mange arrangement og tiltak. Vi vil gjerne høre om ditt forhold til dette jubileet. Kva har du opplevd i jubileet og kva synest du om feiringane?

Materialet skal brukast i eit forskingsprosjekt om folket sine grunnlovsfeiringar leia av professor Olaf Aagedal ved forskingsinstituttet KIFO (Institutt for kirkereligion- og livssynsforskning). Resultata frå prosjektet vil bli publiserte gjennom artiklar i aviser og fagtidsskrift og på NEG og KIFO sine heimesider. Svara blir tatt vare på av NEG og vil vere med på å gi ettertida eit innblikk i korleis vi feira eit nasjonalt jubileum i 2014.

Spørjelista inneheld spørsmål om ulike sider ved jubileet og di deltaking i dette. Skriv gjerne lange og detaljerte svar! Hugs, du treng ikkje svare like mykje på alt, hopp over spørsmål du ikkje kan eller ønskjer å svare på.

For NEG er det innhaldet og ikkje rettskrivinga som er viktig. Svar på det målføret du ønskjer. Det er dine opplevingar og minner vi vil høyre om. Les gjerne gjennom alle spørsmåla i undersøkinga før du byrjar å svare. Send oss svaret i posten eller bruk e-postadressa øvst. Gode helsingar.

Sjå også

Eksterne lenker