Naustdalstunellen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Naustdalstunellen går mellom Svarthumle, Eikefjord i Kinn kommune og Naustdal i Sunnfjord kommune. Bygginga av den 6 km lange tunellen korta ned reisetida på RV5 mellom Førde og Florø med opp til 15 minutt. Tunnelen opna 18. august 1995.

Fire alternativ

Heilt frå 1970 vart det arbeidd for å utbetra strekninga over Ramsdalsheia på riksveg 5, men det var ikkje før bompengar kom inn som ein del av finansieringa, at prosjektet kunne realiserast. Fleire utbetringsalternativ vart drøfta. To alternativ som innebar utbetring over Ramsdalsheia og tunnel frå Naustdal til Storebru, vart tidleg forkasta. Tilbake stod anten tunnel Horstad-Ramsdal eller Jonstad-Svarthumle. Det siste alternativet vann fram av di det gav best nyttekostnad. I juni 1992 vart prosjektet vedteke i Stortinget, og 7. juni 1993 vart den første tunellsalva avfyrt på Svarthumlesida.

Ramsdalsheia ein flaskehals

Naustdalstunellen fjerna ei vegstrekning med svært dårleg standard mellom Førde og Florø. Vegen over Ramsdalsheia, bygd i 1940-åra, var ein flaskehals i eit svært viktig vegsamband. Sjølv om vegen etter kvart vart utbetra nokre stader, hadde tungtrafikken ofte store vanskar med fjellovergangen. I 1992 var årsdøgntrafikken 844 bilar. Rundt 17 % av trafikken var tunge køyretøy. Etter opninga av Naustdalstunnelen i 1995 var årsdøgntrafikken 1000 køyretøy.

Kostnader

Tanken var å finansiera anlegget gjennom bompengar, men høge realrenter og låg trafikkutvikling hadde gitt mange bompengeselskap problem med tilbakebetaling av lån. Fylkeskommunen var difor villig til å ta ein del gjennom ordinære riksvegløyvingar. Anlegget vart difor planlagt finansiert både med offentlege løyvingar og ved bompengar. Kostnadsoverslaget var på 165 mill. kroner, men prosjektet vart bygd for 151 mill. kroner. Av dette løyvde staten 52%. Det resterande var lån som bompengeselskapet tok opp.

Tidlegare Samferdselsminister Kjell Opseth hevar bommen i Svarthumle for siste gang. Foto: Odd Asle Endestad, 2010

Bompengar

Bompengeselskapet A/S Sunnfjordtunellen, skipa av kommunane Førde, Flora og Naustdal i 1986, stod for bompengeinnkrevjing då vegen opna for trafikk i 1995. Bompengeperioden var sett til 13 år, men vart forlenga nokre år av di Sunnfjordtunellen A/S forskotterte 126,5 mill. kroner til vidare utbetring på strekninga Førde-Florø.

Innkreving av bompengar vart avslutta med stor markering i Svarthumla 20/3-2010. Tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth stod for den høgtidlege nedlegginga.

Ikkje berre tunell

A/S Veidekke var hovudentreprenør, og hadde 45 tilsette i anleggstida. Til saman var heile vegstrekninga 8,2 km. Av dette var 5960 m tunnelen, 2200 m veg i dagen og bru over Svarthumleelva, Dessutan omfatta prosjektet 400 m gang- og sykkelveg, rasteplass og to kryss med 230 m sekundærvegar. Tunellen fekk to snunisjer for store køyretøy og fleire havarinisjer for naudstopp. Tunellen har mobiltelefondekning og radiodekning.

I samarbeid med Naustdal kommune vart det fylt ut 90 000 m3 masse til småbåthamn og badeplass i sentrum. Kommunen stod sjølv for planlegging og opparbeiding.

Kilder og litteratur

  • Fylkesarkivet