Nesasætra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesasætra sett frå Nesahornet jonsokaftan 2010

Nesasætra er dei to bruka på Høydalsneset, gards/bruksnr 85/ 1 og 2, si sæter. Den ligg i nordsida i Nykkedalen, heilt på kanten til Geislida med Sætrevika rett nedfor. Sela ligg i ei fin skråning mot søraust. Sætreråsa var og er sers bratt og tung, men når ein kjem opp er det ei perle av ein stad. Slik som mange av bruka rundt fjorden, hadde dei på Høydalsneset storfe, geit og sau. Alle dyra var med til fjells.

Nykkedalsvatnet, nokre få meter nedom sætra ligg på 135 m. o.h. Rundt sætrehusa var marka stelt så der var slåande, så på den delen var det sett opp gjerde, for å verne avlinga mot beitedyra. Rasmusgarden, bruk 1, var dei siste som slo, dreiv slått, i Nykkedalen. Det var i 1947 eller 48, sjølv sjølafolket var ikkje heilt samde om årstalet. Graset dei slo i Nykkedalen vart meisa ned til sjøen i Sætrevika. Der tok dei meisene i færingen og rodde dei inn på Høydalsneset. Ei meis er ei not, bunda som to skåler. Den fyrste ligg på marka og gras vert trakka oppi,og fylt så høgt at det høver å kvelva den andre halvparten over. Desse to halvene vert lissa saman med eit dertil høveleg tog, tau. For at dette fungerte slik at meisa rulla, så måtte graset vera virkeleg hardt pakka. Meisene vart nok gjorde klar nerme kanten der dei skulle rulle til sjøs. Terenget er bratt, og den tida heldt geitene vekk all småskog. Det vert fortalt at dette fungerte godt.

Høydalsneset hadde heimesætra si på Rotigjeret i Sætrevika. Der hadde dei vår og haustbeite. På forsommaren når den vanlege tida for flytting til Nykkedalen nerma seg, vart dyra urolege og ville til fjells. Då den vanlege sætreråsa var vanskeleg med storfe, tok dei dyra med ein omveg. Heilt god var ikkje den heller, men noko betre. Sætringa vart avslutta fyrst på 1920-talet. Seinare har sætrehusa vorte vedlikehaldne til fritidshus.

Bilder frå Nykkedalen


Kjelder