Netland (Kvinesdal gnr. 188)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Netland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 188
Ant. bruksnr.: 27 (2018)
Type: Matrikkelgard
Ingeri Netland(1854-1944) med snellestolen som hennes mann Ola Netland har lagd. Vest-Agder 1939. (Foto: Anna Grostøl/Norsk folkemuseum)

Netland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 188. Han hadde tidlegare gnr. 19 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 190 og gamalt matrikkelnummer 296.

Geografi

Langs vestsida av Kvina, mellom Gunsteinsli og Risnes, ligg Netland. I vest grensar garden til Øksendal i Sirdal. Mesteparten av gardsveldet er hei og utmark. To store vatn, Hisvatnet og Nedre Øyevatnet, ligg her, saman med toppar opp imot 800 moh. Sjølve garden har ei slett og rak innmark som ligg på eit stort nes på vestsida av Kvina innunder heia. Fram til midten av 1600-talet høyrde Netlandsnes, på austsida av Kvina, til Netland, men her kan det ha vore to gardar i mellomalderen og før det.

Gardsnamnet

Namnet Netland inneheld to stavingar. Førstelekken Net- kjem av naturforma nes og beskriv fint at jorde og innmark på garden dannar eit naturleg nes i elva. Det ligg og eit nes på andre sida av elva, Netlandsnes, som kan ha vore opphavet til nemninga. Andrelekken –land understrekar likevel den sletteprega innmarka ytterlegare. Land-gardane er det mange av i Kvinesdal og elles på Agder. Meininga er knytt til dyrka mark, åker eller anna opparbeidd område. Ein reknar med at hovudparten av gardane med landending blei skilde ut frå større gardar i yngre jernalder, i perioden omkring 6-800 e. Kr. Dette kan også gjelda Netland.

Gardsbeskrivingar

Men jorda på Netland var slett i fleire tydingar, skal ein tru dei  beskrivingane av garden som har blitt teikna ned sidan 1600-talet. I 1723 blei jorda beskriven som «tungvunnen, meget skiemmen og slett». Noko av forklaringa får ein kanskje i matrikkelen av 1802 der står at «een ved gaarden rinnende elv giør undertiiden naar den er stor, megen Skade paa Ager og Eng.». Også i 1967 og tidleg i 1990-åra fløymde elva over jorda på Netland.

Jordbruk og husdyrhald

Med ny teknologi og betre jordbruksmetodar blei jordvegen betre på Netland. Dette var ei utvikling som gjekk føre seg på 1800-talet. Utviklingsprosessen var i gang alt i 1802 då dei sådde 12 tønner korn og fire tønner jordeple. Utbytet blei rekna til fire a fem fold for korn og fire fold for jordeple. Foldtalet fortel kor mange gangar ein fekk igjen det ein sådde. Fire og fem var låge foldtal sjølv tidleg på 1800-talet.

1668 1723 1865 1939
Korn 3 3/4 t 3 t 16 t
Jordeple 15 1/2 t
Hestar 1 6
Storfe 9 6 34
Småfe 12 12 144
Fjotlandsruta. TIl høgre Cecilie Åmot

I 1865 hadde  jordepledyrkinga tredobla seg, mens det også var noko auke i korndyrkinga. Folketalet på garden var også på sitt høgaste andre halvdel av 1800-talet. I 1865 budde det 42 personar på Netland. Talet minka noko fram mot hundreårsskiftet.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)
1665 1769 1801 1865 1900 1920
4M 22 42 31 37

Vassfall og kraftverk

Dei mange vassfalla på Netland har vore utnytta til drift. Heilt nord, ved bytet med Risnes i Evjebekken frå Homstjødna, hadde fleire bruk på Netland kvern og sag. I Hisåna har det og vore kvern og sag. Det nordlege løpet blir kalla Kvednåna. Der bekken deler seg heiter det Hishommen. Mads Josdal fortalde i Grannen i 1932 om Ola Ommundsen som hadde kvern her. Då kverna gjekk godt, laga kverna lyden «Hishommen, Hishommen, Hishommen».

I dag driv Hisvatn kraftlag AS kraftverk med fall frå Hisvatnet og ned i Kvina.

Kulturminne

Ferja mellom Netland og Netlandsnes

Av registrerte kulturminne på Netland er berre eitt i frå sjølve garden. På Storågrvodden er det eit segn om ein gravhaug som skal vera fjerna. Det skal og ha blitt funne ei øks i dette området. Resten av kulturminna finn ein i utmarka, og dei er knytte til aktiviteten der. I heia er det registrert fleire spor etter seterdrift, blant anna ved Hisvatnet og ved Øvre Øyvatn.

Vest for Øvre Øyvatn er det og registrert eit fangstanlegg i ein smal dal. Her er det tre heller, og den eine av dei har konstruksjonar der det er funne restar av bein og brent kol. Her kan det ha vore eit bogastelle. Eit bogastelle var ei hesteskoforma skytestilling laga av stabla steinar, som gjorde at ein kunne kome nære målet. Dalen og dei oppbygde konstruksjonane har truleg vore nytta til jakt på reinsdyr. Anleggets enkeltdelar er tidfesta til tidleg mellomalder.

Samferdsel

Den gamle ridevegen frå Fjotland gjekk på austsida av elva til Netlandsnes og vidare til Knaben. I sundet mellom Netland og Netlandsnes var det ein mykje nytta ferjeplass. Det var og eit vad ved Straumland for den som kom med hest.

Kjørevegen på vestsida av elva blei ferdig til Netland i 1906. Då vegen skulle byggast vidare til Knaben via Risnes, ville ikkje gruveselskapet vera med å finansiera vegen, så dei bygde sin eigen på austsida frå Netlandsnes på den gamle ridevegen. Då gruveselskapets veg stod klar på 1930-talet, blei det bilferje over sundet frå Netland til Netlandsnes. Den var i drift til det blei reist ei bru i 1944. Det var ingeniøren Hans Aase som fekk frakta den gamle Farbrauna frå Liknes til Netland då dei skulle ha ny bru i Liknes.

Olav Netland fekk konsesjon på å driva bussrute frå Netland til Liknes og Flekkefjord i 1926. Ruta blei forlenga til Knaben i 1945.

Eigedomsforhold

Matriklar
1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 113 296 190 19 19 188
skyld 1/2 h 1 1/2 h 3/4 h 1 h 6 eng 1 h 6 eng -
Tal på bruk 2 2 4 4 8 13 24

*tal på oppsitjarar

Netland var del av ein eigedomstransaksjon i 1508, då Kolbein frå Josdal kjøpte både Netland og Risnes. Dei var begge øydegardar då. Netland kan ha vore del av konge- eller kyrkjegods i mellomalderen, men har vore i bondeeige sidan 1508 (sjå og Risnes).

Netlandsnes låg under Netland fram til midten av 1600-talet, men det kan ha vore to gardar i gamal tid.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Netland Gardseigedom 686a 0 mark 34 øre Tollei T. Netland
2 Netland Gardseigedom bruk 1 1854 686b 0 mark 35 øre Tollei Tollefsen Netland
3 Netland Gardseigedom/Fritid bruk 1 1854 686c 0 mark 35 øre Torje T. Risøen
4 Netland Gardseigedom bruk 8 1846 689b 0 mark 69 øre Torje T. Risøen
5 Netland Gardseigedom 687 0 mark 62 øre Oscar P. Netland
6 Netland Gardseigedom 688a 0 mark 85 øre Jenny Wroldsen
7 Netland Gardseigedom bruk 6 1855 688b 0 mark 76 øre Per P. Lindeland
8 Netland Gardseigedom 689a 0 mark 52 øre Lovise Netland
10 Bakken Småbruk bruk 7 1930 0 mark 04 øre Per A. Ousdal
11 Solbakken Fritid bruk 6 1948 0 mark 01 øre Ivar Madsen
14 Heimtun Bustadtomt bruk 10 1953
15 Bedehustomta bruk 5 1961
17 Høgtun Bustadtomt bruk 5 1968
20 Folebakken bruk 6 1978
25 Bustadtomt bruk 20 1995
26 Bustadtomt bruk 5 2004


1037 Kvinesdal komm.png Netland (Kvinesdal gnr. 188) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.