Nirisrud Pensjonat
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nirisrud Pensjonat blei grunnlagt av Åsne Nirisrud (1876-1949) i 1917. Pensjonatet låg like ved Nisser i Nissedal kommune.
Åsne Nirisrud var innehavaren av pensjonatet. Ho budde på Nirisrud i lag med mannen, Olav Nirisrud.[1] Nirisrud låg fint til ved hovudvegen til Sørlandet. Beliggenheita attmed Nisservatn gav fine bademoglegheiter for gjestene. Det vart samstundes lagt til rette for båt- og fisketurar, samt fjell- og seterturar.[2]
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge. B.1: Gard og ætt: Nissedal sokn, Nissedal, 1976.