Nordly (Stavanger gnr. 28/170)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordly
Fylke: Rogaland
Kommune: Stavanger
Gnr.: 28
Bnr: 170
Type: Bolig
Adresse: Kringveien 11 og 13

Nordly er ein boligeigedom, utskilt frå 28/7, den gong eigd av Vinje, kjøpt av Anders Leif Andersen (1897–1963), foreldre Hanna Emilie Halvorsen (1869-1960) fra Tasta og Hans Andersen (1861-1954) fra Åbogen i Vinger. Sjå Sørheim (gnr. 28/44).

Anders Leif Andersen gifta seg 26.august 1926 med Margit Charlotte Danielsen (1908-1993),datter av Karen Serina Ivarsdtr Ødegård (1886-1973) fra Nedstrand og Hermann Askeland Danielsen (1885-1962) fra Skudeneshavn.

Eigedomen var ved kjøp i 1932 på 2 1/4 mål, og blei betalt med kr 1500,-. I 1977 blei det skilt tomt på 3/4 mål til sonen Anders, som bygde der i 1978.(28/2332). I 1978 bygde sonen Ivar bustaddel på austsida av hovedhuset (generasjonsbustad). 28/170 var etter at vegnavn kom i området Kringvegen 2, men den eldste delen er nå Kringvegen 11, og "generasjonsbustaden" er Kringvegen 13.

Huset som blei bygd i 1932, hadde vatn frå brønn, og utedo. Kommunalt vatn og kloakk blei lagd inn i 1971.

Anders og Margit fekk desse borna:

  • Emilie (1927-2001)
  • Karin (1930-2012)
  • Anders Magne (1940-)
  • Hans Hermann (1942-2013)
  • Ivar (1950-

Hus bygd i 1932, på bygd generasjonsbolig i 1978. Adresse Kringvegen 2, sidan endra til Kringvegen 11.

I 2005 blei huset delt i to einingar, den nyaste delen blei Kringvegen 13, og den eldste Kringvegen 11.

i 2019 blei Kringvegen 13 seld, og i 2021 blei Kringvegen 11 seld. Kjøperane er brør.

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.


Kjelde: Ivar Andersen