Norsk allment arkivskjema

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk allment arkivskjema er eit system av faste signaturar for dei forskjellige arkivseriane, oppstilt i ei fast rekkefylgje. Skjemaet blir nytta av dei fleste arkivinstitusjonar i Noreg. Målet med systemet er at alt materiale i alle arkiv skal kunne strukturerast etter same skjema, utan at det øydelegg den opprinnelege strukturen eller proveniensen. Dette gjer at brukarane av arkiv raskare og enklare kan orientere seg i innhaldet i arkiva.

Skjemaet består av tre hovudgrupper med seriar og signaturar. Seriane A–E inneheld administrative arkivseriar som oftast er produsert av arkivskaparar med kontorfunksjon. I dei fleste tilfeller er dette hovuddelen av arkivet, både i meining og volum. Seriane F–O nyttast på spesialseriar og disponerast fritt og kan tilpassast strukturen i kvart enkelt arkiv. Seriane P–Z er tenkt nytta for materiale som er delt inn etter særskilde funksjonar (P–S), medium eller format (T–W) og diverse og referansemateriale (X–Z). Alle seriar kan delast inn i underseriar etter behov.

Norsk allment arkivskjema

A. Møtebøker, referatprotokollar, forhandlingsprotokollar o.l.
B. Kopibøker
C. Journalar og andre overgripande register
D. Saks- og korrespondansearkiv etter organet sitt hovudsystem
E. Saks- og korrespondansearkiv ordna etter eventuelle andre, sideordna system
F.-O. Spesialseriar innanfor kvar enkelt arkivskapar sitt fagområde
P. Personalforvaltning
Q. Eigedomsforvaltning
R. Rekneskap
S. Statistikk
T. Kart og teikningar
U. Foto, film og lydopptak
V. EDB og mikrofilm
W. Gjenstandar
X. Eigenproduserte trykksaker
Y. Referansemateriell

Kjelder