Odda kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Odda kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Odda kyrkje
Odda kyrkje2006.jpg
Foto: Arnfinn Kjelland (2006).
Stad: Odda
Byggeår: 1870
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Bjørgvin
Prosti: Hardanger og Voss
Prestegjeld: Odda
Fellesråd: Odda
Sokn: Odda
Materiale: Tømmer
Sitteplassar: 560

Odda kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1870. Arkitekten var C. Erichsen, som også sto for Øystese kyrkje frå 1868. Dei to kyrkjene er bygd frå same teikning, men Odda kyrkje er noko større med 560 sitteplassar mot 500. Byggmeister var også same mannen som i Øystese, Askjel Aase frå Lindås. Odda gamle kyrkje, som var ei steinkyrkje frå mellomalderen, vart riven rett før bygginga av nykyrkja tok til.

Bygginga starta 17. mai 1870, og allereie den 4. november same året kunne biskop Peter Hersleb Graah Birkeland vigsle kyrkja.

Kyrkja har eit orgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i Snertingdal, som var innvigd i 1968.

Kjelder