Ogna kommune
(Omdirigert fra «Ogna herad»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ogna kommune i Rogaland vart oppretta i 1839. I 1964 vart Ogna, Varhaug og Nærbø samanslegne til den nye storkommunen Hå.
Då Ogna gjekk inn i Hå, hadde kommunen eit flateinnhald på 104 km2 og 1444 innbyggjarar. Noverande Varhaug sokn svarar til den gamle kommunen.
Den kommunale verksemda
På 1950-talet var det fem skulekrinsar i Ogna, og desse hadde alle nynorsk som hovudmål. Ogna var medeigar i det interkommunale Jærens el.verk.
Kjelder og litteratur
- Norsk Allkunnebok, IX. bandet, Oslo 1959: «Ogna».
- «Ogna – tidligere kommune» i Store norske leksikon