Olaug Vervik Bollestad

Olaug Vervik Bollestad (fødd 4. november 1961 i Strand i Rogaland) er KrF-politikar, partileiar 2021–2024, stortingsrepresentant 2013–2025 og landbruks- og matminister i Erna Solbergs regjering frå 2019 til 2021.

Ho er dotter av stålverksarbeidar Kåre Otto Vervik (1924–1994) og husmor/forretningsdame Grete f. Serigstad (1931–2013). Bollestad er utdanna som sjukepleiar, og var frå 1987 til 2007, då ho vart politikar på heiltid, tilsett ved Stavanger universitetssjukehus.

Bollestad sitt første verv som folkevald var i kommunestyret i Gjesdal. Ho vart ordførar der i 2007, og satt i det vervet til ho vart valt inn på Stortinget i 2013. I føregåande periode hadde ho vore vararepresentant på Stortinget. Hun vart attvalt i 2017, då ho var KrF sin førstekandidat i Rogaland. Bollestad vart attvald på nytt i 2021, men før stortingsvalet 2025 kunngjorde ho at ho ikkje ville ta ein periode til.

I partiet var ho leiar i Rogaland KrF frå 2008. I 2015 vart ho andre nestleiar på nasjonalt nivå. Då Knut Arild Hareide trakk seg som leiar i januar 2019 vart Bollestad konstituert leiar, og satt til Kjell Ingolf Ropstad vart valt som leiar i april samme år. Bollestad overtok leiarvervet i KrF 13. november 2021, men trakk seg 22. august 2024.

Litteratur og kjelder