Ormsjorden (Tinn gnr 55)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ormsjorden
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 55

Ormsjorden er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 276) skriv Halvor H. Einung at fyrsteleddet kjem av mannsnamnet Orm, slik at namnet tyder «Orms jorde». På 1600-talet låg Ormsjorden under Nørstegard, men etter kvart vart staden sjølveigargard.

Ein av dei mest kjende eigarane var snikkaren og treskjeraren Jon Halvorsson, som hadde Ormsjorden frå 1789 til 1810. Halvorsson var ifølge Halvor H. Einung «den kjende kunstnaren og flogvitet som fann på mykje nytt. Han bygde teglverk ved Haslerud, laga potaske, bygde den fyrste uppgangssagi i Tinn, sette upp den fyrste stampe, freista jamvel med vindmylle og ei slag flugegreide. Det heites at han verkeleg flaug tå hustaket og burt etter vollen» (s. 277).

Bruk

  • Ormsjorden (bnr. 1)
  • Nørstegard (bnr. 2)
  • Halvorsstøl (bnr. 3)

Kjelder