Os sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Os sogelag sin logo.

Os sogelag arbeider med lokalhistoria i Os i Bjørnafjorden kommune. Laget vart stifta 15. mars 2016 og har som føremål «å vekkja interesse og forståing for lokalsoge og kulturminne» og «hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta lys over livskåra til folk i farne tider, materielt og åndeleg». Sidan 2016 har sogelaget gitt ut det lokalhistoriske skriftet Osingen.

I 2020 hadde laget 140 medlemar.

Leiarar

  • Oddbjørn Klyve: 2016 og 2017
  • Jostein Hausberg: 2018
  • Øyvind Tøsdal: 2019

Hovudaktivitetar

  • Møteseriar med foredrag om lokalhistoriske hendingar og emne
  • Rosemåling
  • Industri og handverkshistorie
  • Krigshistorie
  • Årleg deltaking på Kulturminnedagane
  • Ekskursjonar til lokale kulturobjekt, også til nabokommunar

Os sogelag har kjøpt inn utstyr for digitalisering og skanning, og medlemar frå laget har vore på kurs om dette. Laget har fått tilgang til heile biletarkivet til lokalavisa Os og Fusaposten.

Hausten 2019 var Os sogelag medarrangør for ei stor jubileumsmarkering for eit kanadisk fly som naudlanda på Haugland i Os. Heile mannskapet på seks overlevde og vart etter å ha fått hjelp frå folk i Os losa attende til basen i Skottland. Til jubileumsfeiringa kom det meir enn 50 etterkomarar med familiar og tok del i arrangementet som varte i tre dagar.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer