Oskoreia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oskoreia er i den gamle folketrua eit følgje av daude sjeler som kjem ridande om natta. Dei kjem særlig rundt joletida, og kallast difor òg jolereia, joleskreia eller imberkulludn i forskjellige dialekter. I folkeminnesamanhang vert oskoreia gjerne omtala som ein variant av den ville jakta.

Navnet

Ivar Aasen mente at navnet kom fra ofsleg og reida, eit skremmande, ridande følgje. Ei anna tolking hevder at 'osko' har samanhang med øl-skurd, noko som er knytt til jolefeiringa. I Norsk etymologisk ordbok meinte Hjalmar Falk og Alf Torp at 'osko' kjem frå same ordet som svensk åska, altså 'torever'.

Nasjonalromantikarane endra namnet til Åsgårdsreia. Dei ville gjerne trekke folketrua attende til heidensk tid, og tolka osko- som ei dialektform av gudane sin heimstad Åsgård. Johan Sebastian Welhaven kalla eit episk dikt for Aasgaardsreien, og dette var og tittelen på eit maleri av følgjet av Peter Nicolai Arbo. Falk og Torp var ikkje i tvil: Dei skreiv at Åsgårdsreia var ein litterær og urett form for dialektordet Oskorei.

Segna om oskoreia

Segna om oskoreia kan sporast attende til gammalgermanske segner om den ville jakta eller den rasande hæren (die wütende Heer). Ein flokk av sjeler som ikkje finn kvile vert sett fri, og slikt hender særleg i liminalfaser, ved ein overgang frå ei tid til ei anna. Jolehelga og nyttår er høgsesong for slikt. Fenomenet julebukk har ein del felles med segnet om oskoreia; medan julebukkane i dag gjerne er born som syng julesongar og vil ha godteri, var det tidlegare meir skremmande kostymer, dans og bråk.

I dei norske segnene om oskoreia er det ofte Sigurd Svein eller Sigurd Fåvnesbane som nemnast som leiar. Ein annan kjend figur er Guro Rysserova, som nokre gonger leiar følgjet og andre gonger styrer baktroppen. Dei som var med omtalast mellom anna som tjuvar, drapsmenn og drukkenboltar, folk som ikkje har fått fred etter døden.

Dei som opplevde oskoreia vart som oftast berre skremd, men reia kunne ta med seg folk og sette dei ned langt unna. I verste fall kunne sjela verte fanga av oskoreia. Ein grunn til at det kunne hende var om ein ikkje var klar med førebuingane til jol. Men sjølv om ein hadde alt på stell, var det ikkje uvanleg å måle eit tjærekors på døra for å verje seg.

Det finst mange lokale segner om oskoreia.

Hekseritt og lussireia

Ti særeigne variantar av oskoreia er gandferda og lussireia. Den første var eit hekseritt, gandferda eller gandreia, der det altså ikkje var daude sjeler, men hekser som kom. Dei rei på gandar, spisse stavar som hekser nytta – seinare vart det gjerne til sopelimar. Natta før luciadagen kunne det kome eit følgje av vetter leia av Lussi.

Litteratur og kjelder